Når trua kjennest grå og mørk – som november
Akkurat som israelittane trong manna i ørkenen, treng vi å bli minna om Guds nåde kvar einaste dag, skriv Peter Schmidt.
Det er haust.
Det er november.
Det er gjerne grått, mørkt, vått og kaldt.
Ting har, samanlikna med sommaren, mista sin glans og glede. Det kjenner hvert fall eg på. Det som før var så fint, graset og trea, er no kjedelege, uinteressante og daude.
Kanskje blir det slik med Bibelen og trua også, til tider?
Gud gav dei dagleg brød
I 2. Mosebok kapittel 16 møter vi eit herja folk. Israelittane har vandra ut frå Egypt, men no møter dei den tilsynelatande endelause ørkenen.
Dei har ikkje mat, og folket angrar på at dei vandra ut frå Egypt, der dei hadde kjøt og var mette.
Folket klagar til Gud, som svarar at dei skal få brød frå himmelen kvar morgon. Dei skulle sanke så mykje brød som dei trengte for akkurat den dagen.
Om dei hadde noko til overs ville dette uansett ikkje halde til neste dag.
Les også: Manna holdt én dag – Jesus holder for hele livet
Det daglege brødet vi treng
«Mennesket lever ikkje av brød åleine, men av kvart ord som går ut frå Guds munn.» (Matt 4,4)
I dette ligg det eit viktig poeng for oss. Vi seier gjerne at «nåden er ny kvar dag». Vi treng nemleg å minnast nåden kvar dag.
Det er ikkje nøyaktig slik med mannaen, at den «forsvinn» neste dag, men vi må stadig vende oss til Gud, fordi han ønsker fellesskap med oss, og han ønsker å gi oss kraft, ved sitt ord, kvar dag.
Det verkar kanskje kjedeleg eller tungt ein dag, litt som november, men vi kan likevel vere visse på at det er same krafta i orda i dag, som i går, som i morgon.
Det er det vi treng for å leve, for utan nåden er vi fortapte, på same måte som israelittane i ørkenen ville vore fortapte utan brødet frå himmelen.
Les også: Ferdig med nåden?
Ei bøn gjennom mørke dagar
Ein song som kan vere fin for ei slik bøn, om at Gud må bevare oss kvar dag, er «Så ta da mine hender», opphavleg skrive av Julie von Hausmann. Her er første vers, oversett til norsk av Peter Waage:
«Så ta da mine hender, og før meg frem,
inntil jeg salig ender i himlens hjem!
Jeg kan ei gå alene, nei, intet sted.
Hvor du meg fører ene, jeg følger med.»
Les også: Hvordan finne gode rytmer i disippellivet når troa føles tørr?
