Tre av Guds store under

Tre av Guds store under

– Lat oss då stoppe opp denne jula og gjev akt på Guds under, skriv Peter Schmidt i andakten på andre søndag i advent.

Andakt

Hver søndag publiseres det en ny andakt på iTro som passer for ungdom og unge voksne.

Stå roleg, og gjev akt på Guds under! (Job 37,14b)

Kva er Guds under?

Eg skal vere forsiktig i å stadfeste ein fasit her, for «Guds under» omfattar mykje. Kva av det Gud har gjort, er ikkje underfullt?

No skal vi sjå på tre av Guds store under.

1. Jula

Det er snart jul. Den «første jula» skjedde det eit stort under. Gud blei menneske og tok bustad blant oss (Joh 1,14).

Kvifor er det stort? Jo, det vesle barnet i krybba skal vokse, og erfare direkte korleis det er å vere menneske.

Det skal ta del i sorg, glede og frykt. Og ikkje minst kjærleik.

Som kristne kan vi ikkje bli verande ved krybba

Hendene som har strekt ut himmelen, forma planetar, lyst opp stjerner og skapt liv, blir til barnehender.

Barnehender, som 30 år seinare skulle naglast til korset.

For når vi står ved krybba, skriv Gunnar Ødegårdstuen, står vi i ein skugge. Vi står i skuggen frå korset.

Som kristne kan vi ikkje bli verande ved krybba. Vi må vidare, slik som Jesus måtte vidare. Han skulle utrette noko stort.

2. Korset

På korset utretta Jesus eit stort under.

Det var plassen for Guds frelsegjerning. Der vart synda og døden, som kom til verda med Adam, avvæpna, og frelse og rettferd kom med Jesus Kristus (Rom 5).

Vi blir kristne når vi blir leia til korset av Den heilage ande. Heile livet som kristne skal vi vere ved korset.

Ved korsets fot skal vi finne livet, tilbe, bu, søke tilflukt, vokse og døy.

Der skal vi også stå opp igjen, ved Jesu kraft.

3. I oss sjølve

Vi kan også sjå Guds under i oss sjølve.

Gud har valt oss ut, frelst oss, og sletta vårt skyldbrev (Kol 2,14). Det er ikkje vårt verk, men ei underfull gåve. Vi klarer ikkje dette åleine, blant anna fordi vi har ein syndig natur.

Guds under er store og vanskelege for oss å forstå

Men når vi tek imot frelsa frå Gud blir vi rekna som rettferdige (Rom 5,1). Då begynner forvandlinga, eller helliggjørelsen, men den blir langt ifrå ferdig her på jorda.

Vi har framleis ein syndig kropp og natur. Men når vi blir fullt ut foreina med Gud i oppstoda, skal det bli fullbrakt. Gud tek vår øydelagde kropp og forvandlar oss til noko evig og uforgjengeleg (1 Kor 15,52-54).

Vi kan ikkje forstå alt dette no, men når det skjer skal vi endeleg forstå fullt ut (1 Kor 13,12).

Guds under er store og vanskelege for oss å forstå. Nettopp derfor kan vi kalle dei under.

Heldigvis har Gud gitt oss nok innsikt til å forstå alvoret ved dei.

Gi akt på Guds under

I jula skjer det mykje forskjellig.

For nokre er juletida ei tid for sorg, for andre er det ei tid for glede.

Vi må uansett hugse på at vi er elska av Gud. Han har vist oss sin kjærleik til oss ved krybba, korset og ved å kalle oss til frelse.

«Du bøyer deg ned og gjer meg stor» står det i Salme 18,36.

Det er Guds verk! Lat oss då stoppe opp denne jula og «gjev akt på Guds under!»

Francescosgura

Andakt

Hver søndag publiseres det en ny andakt på iTro som passer for ungdom og unge voksne.