Kva kan plantene lære oss?
Treet ved elva gjer ingenting anna enn å ta imot det livgivande vatnet.
Dei få gongane eg er i Oslo sentrum, blir eg alltid imponert over kor lite tid det tek før trikken kjem.
I det eg trer inn i vogna, dørene blir lukka og trikken går, kjem det kanskje nokon springande, som akkurat kom for seint. Heldigvis for dei er det ofte få minutt til neste trikk kjem. Vi slepp å vente.
Ventetid
Slik er det med mykje i 2026.
Alt vi kan ønskje oss ligg berre nokre tastetrykk unna. Alt vi treng kan vi bestille på nettet, så kjem det i posten nokre dagar seinare.
Ventetidene på det aller meste har blitt drastisk redusert. Slik var det ikkje før, og vi står i ein særstilling samanlikna med tidlegare generasjonar.
Ting har endra seg.
Gud, derimot, har ikkje endra seg.
Ein annan måte å leve på
Bibelen, Guds evige ord til oss, fortel om ein annan måte å leve på. Vi skal vere tolmodige og vente. Det kan vi lese om i Salme 1.
Dette er starten på Salmanes bok. Inngangen til ei «gullgruve», som den ofte blir kalla.
Og kva møter vi? Jo, det første vi les er ordet «sæl», eller «salig» på bokmål. Det handlar i grunnen ikkje om å «vere heilag» eller ein «god kristen», slik vi ofte bruker det til dagleg. Det handlar heller om å vere frelst, og å vere klar over kor stor ei glede det er, uansett situasjon.
Vi finn mykje om glede i Herren elles i Bibelen, men la oss sjå nærare på Salme 1.
Les meir: «Har du husket å takke tante for gaven, Ole Johan?»
Synda vil alltid ha meir
Først og fremst finn vi eit klart skilje, som Gud lagar mellom gode og vonde. Vi kan blant anna lese noko om desse «lovlause», eller «ugudelege», for:
Sæl er den som ikkje følgjer råd frå lovlause, ikkje går på syndarveg og ikkje sit i spottarlag, men har si glede i Herrens lov og grundar på hans lov dag og natt. (Salme 1,1-2)
Legg spesielt merke til korleis synda øydelegg den lovlause. Først vandrar han, så står han, så sit han. Synda vil alltid ha meir, heilt til du sit fast.
Men Gud seier til oss at vi heller skal grunde på hans lov og stille oss i ein posisjon der Gud alltid kan gi oss ny nåde, nytt liv, ny kjærleik. Nemleg ved å stå ved elva.
Treet ved elva gjer ingenting anna enn å ta imot det livgivande vatnet.
Å ta imot
Tenk på fotosyntesen, som du kanskje har lært om i naturfag.
Planta tek imot sollys, vatn og karbondioksid. Plantene er ikkje som dyra. Dyra spring gjerne rundt og leiter etter mat. Planta tek imot, og gir tilbake oksygen og druesukker. Ho gjev frukt i rett tid. Og lauvet visnar ikkje.
Vi skal vere eit tre som står planta ved ein rennande bekk. Vi skal stå ved det rennande vatnet, og få lov til å ta imot. Ta imot det vatnet Jesus vil gi oss. Då skal vi aldri meir tørste.
Og eit tre som alltid får nytt vatn, ber til slutt frukt.
For Bibelen seier ikkje at vi berre skal tvinne tomlar, medan vi ventar på den nye himmelen og jorda. Nei, vi er kalla til å vere Jesu kropp her på jorda.
Takka vere Gud går det an å gjere begge deler på same tid.
Les meir: Gud kan skape vekst i oss på tross av våre varierende motiver
Gud gir vekst
Tenk på løvetannblomsten. Korleis spreier den frøa sine? Jo, den står i ro og let vinden løfte frøa av garde.
På same måte kan vi gjere oss mykje strev med å vinne sjeler for Gud. Men til sjuande og sist er det Gud som gir vekst og skapar tru, ved Den heilage ande.
Ingenting skjer dersom Gud ikkje er med. Det gjelder både plantene, og oss menneske. Lat oss då stå fast ved det levande vatnet Jesus gir oss gjennom sitt ord!


