Såg du heile filmen?

Det kan vere vanskeleg å forstå handlinga dersom ein dumpar inn midt i filmen. Bibelen kan også vere litt slik.

Tema / iBibelen

2. Mosebok, eller «Exodus», inneholder blant annet historien om hvordan israelittene ble satt fri fra slaveriet i Egypt.

Videoen i artikkelen er hentet fra The Bible Project. Se flere av deres videoer her.

Har du opplevd å snuble inn midt i ein film?  Og det tok lang tid før du forstod samanhengen?  Forbausande mange har eit slikt forhold til Bibelen.  Det gamle testamentet er faktisk ein viktig del av filmen.

Kvar har vi vår påske frå?  Modellen er frå Egypt.  Første del av filmen, om du vil.  Muligens under farao Amenhotep II.  Og det som skjedde var så viktig at Israels folk fekk ny tidsrekning.  Ny kalender (2.Mos 12,2). Etter mange varsel gjekk det ein dommedag over Egypt.  Men fordi alle har synda, måtte dommen ramme alle.  Også Guds folk!  Men så var det dette lammet.

Ingen andre enn Gud kunne ha ein slik plan. Ungt.  Feilfritt. Hannkjønn.  Som skulle slaktast offentleg.  I all evighet vil Guds folk synge om Lammet.  Det døde i staden for.  Slik gjekk dommen forbi Guds folk. Vårt ord «påske» kjem av det hebraiske verbet «pesach», som er oversett med «gå forbi».  Det er brukt berre her (2.Mos 12, 13, 23 og 27) og i Jes 31,5.)

Påskelammet og Jesus

Denne første delen av 2. Mosebok lærer oss mange ting.  Sjølv om det berre er ein skugge av det som skulle kome.  Har du lurt på:

  • kvifor Jesu blod er så viktig? Det ser vi her i kapittel 12.  Lammets blod var det einaste som kunne kjøpe fri frå dommen.
  • kvifor vi kan påstå at Satan vart overvunnen då Jesus døde på korset? Sjå på Farao.  Han mista sitt bytte då lammet døde!  Og var ikkje herre over sine slavar lenger.  Han vart dømt, men Guds folk gjekk fri.
  • kva ordet «frelse» betyr? Det norske ordet «frelse» betyr «fri hals».  Fri frå slaveriet!  Frelse er mykje meir enn det, men ser du? Vi blir sett fri frå verdens herskar for å tilhøyre og bli leda av Gud!!
  • kva som er så spesielt med å gå til nattverd? Modellen for nattverden ser vi her.  I første del av «filmen».  Dei skulle lage til eit måltid av lammet.  Påskemåltidet.  Det var eit styrkemåltid (før vandringa) – eit minnemåltid (skulle feirast kvart år for aldri å gløyme) – eit nådemåltid (fordi Gud tok bort dommen over deira synder) – eit fellesskapsmåltid (dei samlast som familie for å ete) – og eit himmelmåltid (no begynte vandringa heim til det gode landet).
  • kvifor dåpen er så viktig? Står det om dåpen også her?  Ja!  Det første som skjer på vandringa til det gode landet, er at folket blir fanga ved havet.  Havet framfor dei, fjell i nord og sør, Faraos hær i ryggen.  Altså fortapt.  Her gir Bibelen oss den viktigaste(?) modellen for dåpen (1.Kor 10, 1-2).  Behov for frelse!  Ser du at vår dåp blir forklart her?
    1) Dåpen er Guds handling . 2) Vi er fødde til eit liv i slaveri, men blir frelste gjennom dåpen. 3) Dåpen er ein ny fødsel (så snart «vatnet hadde gått» starta fødselen, folket vart forløyst gjennom ei trong fødselsopning).  4) Dåpen var nødvendig, dei kunne ikkje bli der dei var. 5)  Jesu siger blir min siger.  6) Død for det gamle mennesket, liv for det nye.

Gud vil at du skal nå fram til det gode landet.  «Alt som er skrive før, er skrive for at vi skal læra av det:  Vi skal få håp gjennom det tolmod og den trøyst som skriftene gjev» (Rom 15,4)

Tema / iBibelen

2. Mosebok, eller «Exodus», inneholder blant annet historien om hvordan israelittene ble satt fri fra slaveriet i Egypt.

Videoen i artikkelen er hentet fra The Bible Project. Se flere av deres videoer her.