
Gud kallar meg stadig til å kvila
– Er det ikkje rart kor fort vi lar oss bli fanga av stress og strever med å skulle rekke alt?, skriv Olga Vestbøstad i vitnesbyrdet sitt.
Er det ikkje rart kor fort vi lar oss bli fanga av stress og strever med å skulle rekke alt?
Noreg er det landet i Norden der flest personar har opplevd langvarig negativt stress. Eg er nok ikkje aleine når eg seier at eg kan kjenne meg igjen i dette.
Takksam for det gode
Då eg flytta til Oslo, tilsynelatande tilfeldig, såg eg fram til å komme inn i eit større kristent miljø, få nye venner, og alt det sosiale eg skulle få oppleve.
Eg ynska å vere med på alt, og utnytte alle tilboda som kom min veg.
Alt det gode rundt meg er ikkje noko eg sjølv har ordna, men det er Gud sjølv som har plassert meg her og gitt meg det eg har. Kvar dag ynksjer eg fylle med så mykje kjekt som mogleg, og vise at eg er takksam for alt eg har rundt meg.
Iveren tek overhand
Men midt oppi alt det gode er det ei bakside: Iveren etter å leve ut og til fulle nyte dette nye tilværet tek (til tider) overhand.
Om vi prøver å få med oss alt, og fylle livet med overflod av alt det gode vi har fått del i, noko som kan virke fint og rett, greier ikkje kroppen halde følge.
I iveren gløymer vi å kvile, og om vi prøver å ta det roleg, greier vi ikkje slappe av fordi vi vert stressa av at vi ikkje utnyttar tida vår godt nok.
Ein kan nok seie at «FOMO» er eit relativt utbreidd problem.
Gåver frå Gud
Det er noko paradoksalt i dette.
Sjølv vil eg gjerne vise takksemd til Gud ved å gå inn i alt eg har fått med liv og lyst, men i forsøket bruker eg opp kreftene mine.
Guds gåver er ikkje noko vi kan gjere oss fortent til. Fellesskapet vi har fått, alt det gode i livet er ikkje eit resultat av at vi har jobba hardt nok eller bevist at vi fortener det.
Dette er gåver vi får lov til å ta imot sjølv om vi aldri kan gjengjelde det.
Om vi prøver å vise oss verdige, ender vi fort opp med å slite oss ut i staden for å glede oss over det vi får.
Avhengig av kvile
I 1. Mos 1 får vi lese om korleis Gud skapte himmel og jord, dag og natt, arbeid og kvile. Vi får vakne kvar morgon, kjenne korleis sola varmar kroppen, og sjå korleis resten av verda vaknar til liv.
På same måte kjenner vi korleis trøttleiken snik seg innpå på kvelden, månen tek over for sola på himmelen, og verda stilnar.
Gud har skapt oss slik at vi er avhengige av å roe ned. Han har skapt ei tid for arbeid og ei tid for kvile.
Om meininga var at vi skulle klare å delta på alt, vere med alle vennene våre like mykje, hjelpe med alt vi blir spurt om osv, hadde ikkje Gud skapt oss slik.
Også Gud satt av tid til å kvile den sjuande dagen!
Guds kjærleik lar oss kvile
Eg har fått erfare at stress tærer på kroppen, men at Gud stadig kallar meg til kvila.
Han har ikkje skapt oss til å bere alt sjølv, men til å leve i rytmen han har gitt oss – arbeide, studere, trene, henge med venner, og så å legge alt frå oss og kvile i hans nåde.
Når vi skrur ned tempoet ser vi alt det gode vi har rundt oss. Det gode er eit uttrykk for Guds kjærleik. Ein kjærleik så stor at vi får lov til å senke skuldrene, kvile i det Han har gjort, og leve i takksemd.