
– Me brukar tilnærma 3,5 timar på telefon dagleg, men seier me ikkje har tid til å lesa i Bibelen
Gjer høg mobilbruk og SoMe at me fyllast av sjalusi i staden for å takka Gud? spør Hanna Lovise Vestbøstad.
Me menneske i dag er prega av ei omverd med mykje innflytelse på både godt og vondt.
Me har fleire sosiale plattformar som mange brukar dagleg, som Instagram, TikTok og liknande.
Ungdommen sin aktive mobilbruk gjere at tida på skjerm, og spesielt på SoMe, går opp, og eit godt sjølvbilete, går ned.
Ulike statistikkar seier at me brukar tilnærma 3,5 timar, i gjennomsnitt, på telefon dagleg.
Takksemd vs sjalusi?
Dette er timar ein kunne brukt på å takka Gud for det livet me har fått, men i staden vert me påverka av andre via redigerte bilete på nettet som gjer oss usikre på oss sjølve, og sjalu for alt det gøyale andre finn på.
Sjalusi er ein følelse som aukar hos mange. Dette kan sjåast på som ein konsekvens av påverknadane SoMe gir.
Samstundes seier Bibelen:
«Eit friskt hjarte gjev kroppen liv, sjalusi er som verk i knoklane.» (Ordtaka 14,30)
Me er skapningar som ofte vil ha meir. Meir av det me ikkje har og ikkje kan få. Me skal ikkje gå rundt og bekymre oss, fordi kvar dag har nok med si eiga plage (Matteus 6,34).
Ein skal difor ikkje gå rundt å tappe energi med sjalusi og misunning når ein kan setja lit til Gud.
«De vil ha, men får ikkje; de drep og misunner, men oppnår ingen ting. De lever i strid og ufred. De har ikkje, fordi de ikkje bed.» (Jakob 4,2)
Ikkje så krevjande å setje av nokre få minutt til å lese Bibelen
Mange kristne i dag unnskylder seg for å ikkje lese i Bibelen med å seie at dei ikkje har tid.
Fleire av dei timane ein har brukt på skjerm i løpet av ein dag, kunne ein gjerna ha brukt på å lese, be og ære Gud for det Han har gitt oss.
I staden brukar me tida på å scrolle og verta påverka av negative tankar og innverknadar. Alt handlar om prioriteringar. Ein får ikkje nærare samband med Gud dersom ein ikkje prioriterer forholdet.
Det å setje av nokre få minutt til å lese Bibelen, skal ikkje vera så krevjande.
Eit lite ord for dagen, dagens bibelvers frå Bibelappen, eller ein samtale med ein ven, hjelp alle på din relasjon med Gud.
Han frelsar folk i naud
Djevelen prøver alltid å finne metodar for å halde deg vekke frå di tru på Herren, dette for eksempel med å vise til at det var din prestasjon då du klarte å gjennomføre noko.
Men! Ein skal ikkje vera stolt av eigne prestasjonar då det er Gud som skal ha æra.
«Du frelser eit folk i naud, men audmjukar stolte auge.» (Salmane 18,28)
Ein har så lett for å tenke på oss sjølve og vera egoistiske utan å tenke på at me skal vera stolte igjennom Gud.
Han frelsar folk i naud, dei som treng han mest, før han går til dei «sterke».
Dersom me har stolte auge vil han audmjuke då me ikkje ser kva for ei kraft som har hjelpe oss.