Stjerne forkynner Guds storleik, evangeliet forkynner frelsa

Stjerne forkynner Guds storleik, evangeliet forkynner frelsa

Når vi ser skaparverket, anar vi Guds storleik. Men berre Bibelen openberrar Jesus og frelsa. Vi kan løfta blikket, og hugse Skaparen.

Andakt

Hver søndag publiseres det en ny andakt på iTro som passer for ungdom og unge voksne.

Det går mot mørkare tider. Dagane blir kortare og nettene blir lengre.

Ein ting eg likar å gjere når det er mørkt ute er å sjå opp. Langt der oppe, ser eg dei vakre stjernene, galaksane og planetane, som går i bane rundt kvarandre.

Så tenkjer eg kanskje på Salme 8, særleg vers 2-5:

«Herre, vår herre, kor herleg ditt namn er over heile jorda, du som har breidd ut din glans på himmelen! Frå munnen på småborn og spedborn har du reist eit vern mot dei som står imot deg, for å gjera ende på fienden og hemnaren. Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der, kva er då eit menneske – at du hugsar på det, eit menneskebarn – at du tek deg av det?»

Skaparverket forkynner Guds storleik

Det kan vere veldig fint når Bibelen talar til oss på ein så konkret måte. Det er jo også så utruleg! Herren, som skapa himmelen, stjernene, månen og planetane, hugsar på oss menneskebarn. 

Til alle tider har menneske sett opp på himmelen og undra seg, akkurat som David gir uttrykk for her i Salme 8.

Kor stort alt er og kor små vi er. Skaparverket forkynner nemleg Guds storleik.

Paulus skriv om dette i Romarbrevet kapittel 1. Vi kallar gjerne dette for «den alminnelege openberring».

Les meir: Gjennom skaperverket kan vi forstå at det er en Gud som står bak

Evangeliet går eit steg vidare

Du treng ikkje ein Bibel for å sjå at skaparverket vitnar om Guds storleik. Berre sjå på fjella og himmelen. Vi anar då noko av hans makt. Då er det lett å føle seg liten. Eg trur dette er også ein del av poenget. 

Evangeliet gjer det same. Det viser oss vår synd og vi blir gjerne små i oss sjølve. Men evangeliet stoppar ikkje der. Det går eit steg vidare.

Evangeliet forkynner ordet om Guds son til oss. Stjernene og himmelen som forkynner Guds storleik fortel lite om Jesus til oss. Det kan vi berre finne i Bibelen.

Bibelen viser oss frelse for sjela

Difor er det viktig å lese i Bibelen, for berre der kan vi finne frelse for sjela!

Så neste gong du er ute på kvelden, og det er fritt for skyer: løft blikket opp. Sjå Guds storleik, og tenk på at han som skapte alt det, har også gitt sitt liv for deg, slik at du skal få leve, og ikkje døy.

Salme 8 vers 4-5 og 10:

«Når eg ser din himmel, eit verk av dine fingrar, månen og stjernene som du har sett der, kva er då eit menneske – at du hugsar på det, eit menneskebarn – at du tek deg av det? […] Herre, vår herre, kor herleg ditt namn er over heile jorda!»

 

Bibeltekstane er frå Bibel 2011. Gjengjeve med løyve. Les Bibelen på Bibelselskapet | Nettbibelen.

Greg Rakozy / Unsplash

Andakt

Hver søndag publiseres det en ny andakt på iTro som passer for ungdom og unge voksne.