Den største sorgen og den djupaste freden
Då mora til Erling fekk kreft, såg det lenge ut til å gå rette vegen. Men sommaren 2024 endra alt seg.
Sommaren 2024 opplevde eg å miste mora mi til kreft. Det er nok det verste eg har opplevd i mitt liv.
Me hadde fått vite om diagnosen då eg gjekk siste året på vidaregåande i 2023. Det var som om livet berre blei snudd på hovudet i løpet av ein kveld. Dei første månadene var prega av alvorlege beskjedar frå legar og mykje bøn.
Sjølv om alt såg dystert ut og som om det ikkje kom til å gå bra, så stod me ved godt mot gjennom trua vår på Jesus. Heile familien blei omslutta av kjærleik frå dei rundt, sjølv folk me ikkje kjende. Gud stod med oss og heldt hendene våre gjennom heile prosessen.
Fulle av håp
I løpet av året 2023 hadde mamma fleire operasjonar og tok cellegift. Ho responderte så godt at nesten all kreften blei fjerna.
Det var tilbakefall og tyngre periodar, men etter at sjokket frå diagnosen hadde gått vekk, opplevde eg ein fred over situasjonen. Både eg og mamma har alltid vore folk fulle av håp og optimisme.
Kvar gong noko gjekk gale sa alltid mamma: «Jaja, da ordne seg nå til slutt». Sånn tenkte me om kreften òg.
Gjennom den lange og tunge prosessen til mamma fekk ho moglegheit til å forkynne evangeliet for mange folk. Ho fekk nye vener og relasjonar på sjukehuset. Den trua ho hadde, strålte i mørket som låg rundt.
Eg var på internatskule i løpet av heile prosessen og såg ikkje mykje til korleis ting gjekk i kvardagen. Sjølv om eg ikkje stod midt oppi det sjølv, kunne eg sjå kor mykje Gud brydde seg om mamma og familien.
Les også: Den Gud som ikke helbreder
Kreften kunne ikkje stoppast
I starten av sommaren 2024 blei mamma innlagt med ein infeksjon i kroppen. På dette tidspunktet var nesten all kreften vekke. Ho trengte berre ein liten runde med cellegift og ein mindre operasjon for å vere heilt kvitt kreften.
No fekk ho vite behandlinga måtte vente til infeksjonen var vekke, ettersom det kunne vere farleg å gi behandling når ho hadde infeksjonen. Då eg kom heim på sommarferie hadde mamma vore inne i to veker allereie. Ho såg ikkje ut til å bli noko særleg betre. Eg besøkte ho med pappa fleire gonger. Me bad, grein, snakka og lo i lag.
Snart fekk me vite at infeksjonen hadde gitt rom for kreften til å spreie seg såpass aggressivt at legane konkluderte med at kreften ikkje lenger kunne stoppast.
Fire veker etter mamma hadde blitt innlagt med infeksjonen, døde mamma heime, omringa av familie.
Fred
Sjølv om mamma ikkje blei lækt her på denne jorda, sjølv om livet hennar her tok slutt, er eg trygg i at livet hennar har heldt fram i himmelen med Jesus.
Eg har ikkje opplevd noko tyngre i mitt liv, men eg har heller ikkje opplevd ein større fred og nærvær av Guds kjærleik. Jesus er trufast, hans kjærleik varer evig.



