Kvifor misjonær?

Kvifor misjonær?

Eg trur Gud kan kalle på mange forskjellige måtar.

Misjon

Misjon er spalten hvor du kan lese om misjonsprosjekter, misjonærer og misjonsland som har tilknytning tilNorsk Luthersk Misjonssamband. NLM ung er organisasjonen som driver iTro.

Denne artikkelen har også tidligere vært publisert på iTro.

Når Gud kallar seier han ”Kan du gå? Kan du fortelle om meg til andre?”. I mitt tilfelle var det ikkje slik at eg plutselig høyrde ei stemme som sa dette. Men eg høyrde gjennom oppveksten forskjellige folk snakke om misjon, at det var bruk for misjonærar. Kvifor var det bruk for misjonærar? Fordi menneske gjekk fortapt utan Jesus!

Han bruka følelsane då han spurde meg om eg ville bli misjonær

Eg er eit  følelsesmenneske. Gud er lur. Han bruka følelsane då han spurde meg om eg ville bli misjonær. For det var den forferdelege følelsen eg fekk då eg høyrde om alle folk som ikkje hadde høyrt om Jesus, som var med på å sparke meg til Bolivia. Kunne eg sitte i Norge, medan folk døydde utan Jesus i Bolivia? Eg kunne ikkje det.

No har vi akkurat kome til Norge igjen etter 3,5 år i Bolivia. Alt var ikkje like enkelt med å bu i Bolivia. Vi var langt frå familien og vennene våre. ”Misjonsromantikken” ein kan få inntrykk av når ein sit i Norge er ikkje alltid like rosenrød. Det var flest kvardagar i Bolivia òg. Kvardagar der vi var vanlege, kristne mennesker.

Men gjennom arbeidet vi gjorde i kyrkja i Bolivia, med ungdomsarbeid, alfakurs, talar og bønnegrupper, håpar vi at nokre mennesker har kome nærare Jesus. At nokre har fått sjå at Jesus elskar dei så høgt at han døydde for dei på krossen. Og at det er Han som er billetten inn til himmelen; ikkje alle dei gode gjerningane vi prøver å gjere.

Vil du gå?

Kanskje var det  lettare å vere ein tydeleg kristen i Bolivia. Vi såg ikkje ut som bolivianarar, og folk var nysgjerrige på kva vi gjorde der. Alle bolivianarar trur på Gud og er opptatt av religion, det er ikkje uvanlig å snakke med folk om Jesus. Samtidig trur eg det kan vere lettare å snakke om Sannheten med ein som er heilt i mot, enn med ein som seier ” ja, klart det”, men som du samtidig merkar ikkje har skjøna det viktigaste.

Det er Gud som frelser både bolivianarar og nordmenn. Men Han treng deg for at dei skal få høyre om han! Vil du gå? Vil du reise til Bolivia? Vil du fortelle dei gode nyhetene uansett kvar du bur? Vil du be om at Gud skal lede deg?

 

Ill.foto:  semparadeiro på flickr